Bli med på roturar med kyrkjebåten i 2019. Dette er ei flott oppleving for både store og små. Utfordringa går, ikkje minst, til dykk jondøler; Ver turist i eiga bygd! Bli med og ta ei rotak for felles turoppleving med kyrkjebåten! Velkomne til sommar på fjorden i kyrkjebåten. Bruk kyrkjebåten for gode fellesopplevingar og slik at vi sikrar at kyrkjebåten vert sjøsett kvar sommar også i framtida.
Kvar onsdag mellom 19/6 og 14/8 2019 inviterer Kyrkjebåtens vener til roturar med kyrkjebåten kl 19:00. Kyrkjebåten er eit fint skue inst i Jondalsbukta, der han ligg ved kai ved Meieriet i heile sommar. Vi takkar for flott initiativ frå Per Eikeland og Sverre Haugen. Ta med redningsvest, eller kontakt turistinformasjonen. Det er gratis å vere med å ro!
Arrangør:
Kyrkjebåtens vener og Jondal sokneråd