+47 95117792
|
post@visitjondal.no

Hus i Øvre Krossdalen

Huset ligg øverst i vakre Øvre Krossdalen som er næraste bygd til Folgefonna Sommarskisenter i Jondal kommune. Huset er totalrennovert og har fire soverom med totalt 10 sengeplassar. Eigedommen har hellebelagt uteområde framfor og bak huset, her er det sol frå tidleg morgon til langt på kveld. Wifi er inkludert i prisen. Huset har stor kjellar som er eigna for preparering av ski samt oppbevaring av diverse utstyr. Det er flott turterreng rett utanfor husveggen. Utleige minimum to netter. Døgnpris: 2250 kr. . Pris pr. veke 14000 kr.

For meir informasjon og booking: tlf.: +47924 60 584 E-post: sjur20@hotmail.com

Ligg i Krossdalen, omlag 10 km køyring frå Jondal sentrum.  Det tek under 2 timar frå Jondal til Bergen, ca 6 timar til Oslo og Haukeliekspressen (linje 930) passerer 3 gonger dagleg. Frå Jondal sentrum til Norheimsund i Kvam kommune tar det omlag 35min og 40 min til Odda. Frå Krossdalen tar det omlag 20 minutt å køyre til Folgefonna Nasjonalpark, Fonna Glacier Ski resort og guida turar på Folgefonna.