Skildring av tur
Gå over brua og følg grusveg til venstre så langt vegen går. Du går gjennom eit gardstun og over på merka sti. Du går vidare i lett skogsterreng gjennom eit unikt landskap når det gjeld biologisk mangfald, arkeologiske funn, geologiske fenomen og kultur, og det er fleire infotavler undervegs. Stien er godt opparbeidd og med bord og benker på utsiktspunkt.
Sesong
Heile året dersom det ikkje er snø eller is.
Råd for turen
Vi oppfordrar alle til å ta denne korte turen. Ta med niste og nyt den på ein av dei fine rasteplassane. Hugs bandtvang 1. april – 20. august, men vi oppfordrar til å ha hund i band heile året. Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april – 15. september.
Gradering
Kart
Startpunkt/parkering
Ved veg 550, ca. 200 m nord for kaien i Herand. Det er god parkering, og infoskilt. Parkering på eige ansvar.