+47 95117792
|
post@visitjondal.no

Kyrkjebåten

Bli med på roturar med kyrkjebåten i 2019. Dette er ei flott oppleving for både store og små. Utfordringa går, ikkje minst, til dykk jondøler; Ver turist i eiga bygd! Bli med og ta ei rotak for felles turoppleving med kyrkjebåten! Velkomne til sommar på fjorden i kyrkjebåten. Bruk kyrkjebåten for gode fellesopplevingar og slik at vi sikrar at kyrkjebåten vert sjøsett kvar sommar også i framtida.

Kvar onsdag mellom 19/6 og 14/8 2019 inviterer Kyrkjebåtens vener til roturar med kyrkjebåten kl 19:00. Kyrkjebåten er eit fint skue inst i Jondalsbukta, der han ligg ved kai ved Meieriet i heile sommar. Vi takkar for flott initiativ frå Per Eikeland og Sverre Haugen. Ta med redningsvest, eller kontakt turistinformasjonen. Det er gratis å vere med å ro!


Arrangør: 

Kyrkjebåtens vener og Jondal sokneråd 

Kvar onsdag frå 19 juni til 14. august 2019 kl 19:00 kan ein vere med å ro kyrkjebåten

 

  • Fjorden var vegen før, då nytta ein slike båtar for å komma seg til kyrkje 
  • De fleste grendene langs fjorden hadde eigen kyrkjebåt
  • Dette er ein kopi av av ein kyrkjebåt, laga i 1988 i samband med at Jondalskyrkja var 100år!
  • Båten er laga av trebåtbyggjarskulen i Jondal
  • Gratis å vere med å ro, ta med redningsvest eller kontakt turistinformasjonen

Route

  1. Gamle Sætveitvegen 1