Jondal Turistkontor

Tostøl
English pages Norske sider

 

Tur nr. 5 Våhaug-Tostøl Middels 4-5 timar, tur/retur

Startpunkt/parkering

4,1 km nord for Herand kai tek du av mot aust frå veg 550, på ein skogsbilveg litt sør for det høgste punktet på vegen (Åsleitet). Det står ei infotavle der. Etter ca. 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil (kontant betaling). Ved enden av vegen er det god parkeringsplass (Våhaug). Parkering på eige ansvar.

Skildring av tur

Ved parkeringsplassen er det ei infotavle. Gå ca. 50 m til ei bru. Her er det skilta til Vatnasetenuten og Tostøl. Gå over brua i retning Tostøl. Stien er forholdsvis lett å gå, men med ein del små kneiker. På blaute parti er det er lagt steinar til å trø på. .Etter kort tid kjem du til stikryss med skilting til Tostøl og Såta. Gå mot Tostøl. Etter ca.1 time kjem du øvst i Saurdalen, til eit stikryss med skilting til Vatnasetenuten og Tostøl. Gå mot Tostøl. Etter kort tid kjem du ned til Samdalsstølen med Viddalsvatnet nedanfor. Du er framme ved Tostøl etter om lag ein halv time.

Sesong

Mai - oktober/november. Du kan også gå turen på ski om vinteren, men då vert turen noko meir krevjande og lengre fordi skogsbilvegen ikkje er brøytt, og du må derfor gå frå hovudvegen

Råd for turen

-Ta med mat, drikke og vindtette klede.
- Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du også bruke joggesko.
- Mobildekning er ikkje god på heile turen.
- Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS. Det er bandtvang 1. april – 20. august.
- Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
- Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
- Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.

Kart rev3


Sjå kartet større, sjå høgdeprofil, del turen med andre, last ned gpx fil til din GPS mm.

 

Lommekjent - Lommekjent AS (ved å laste ned "lommekjent" kan du få turen opp på mobil/ipad etc.)
Turmeny:
lett Lett
Middels Middels
Krevjande Krevjande
Expert Ekspert
Vandring Alle turar
   
Kjøpe kart Kjøpe kart

Tostøl

Tostøl

Tostøl

Tostøl

Tostøl

Tostøl

Tostøl

Tostøl

 

 

Contact information