|
|
Opplevingar
med Pilagutt
Her er nokre standard produkt Pilagutt tilbyr. Ta kontakt om du
ynskjer eit skreddarsydd opplegg for Dykkar gruppe. Mannskapet ombord
på Pilagutt har alltid fokus på tryggleik, service,
og gje gode opplevingar.
Fjordcruise på Hardangerfjorden (for
grupper og enkelt deltakarar)
2 timars fjordcruise med utgangspunkt frå Jondal kai. Her
vil skipperen ta deg med ut på fjorden med nydleg utsikt til
høge fjell, fossefall og idylliske fruktgardar langs fjorden.
Du har god tid om bord til å nyte dei mange inntrykka. Reiser
du i mai får du med deg den kjende fruktblomstringa i Hardanger
også. Undervegs for du god servering ombord, og skipperen
kan fortelje mang ein historie frå Hardangerfjorden. Sesong
heile året for grupper, for enkelt deltakar kan ein melde
seg på oppsette turar, ta kontakt.
Fisketur
på Hardangerfjorden (for
grupper og enkelt deltakarar)
Hardangerfjorden er Noregs 2 lengste, og den er djup, ca 900 meter
på det djupaste. Dette er eit elderado for ulike fiskeslag.
Pilagutt er god å fiske frå, og skipperen veit om lokale
fiskeplassar heilt etter kva fisk du er ute etter. Kva med å
dorge etter aure? Eller få ein skikkeleg torsk på kroken?
Dette er ein svært populær tur for familliar, til og
med minstemann kan stå trygt og konfortabelt og fiske. Lengde
på fisketurane varierer frå 2-5 timar. Grupper bør
tinge tur i god tid på førehand, sesong heile året.
Det vil bli sett opp datoar med fisketurar som enkelt deltakarar
kan melde seg på i sommar månadane.
Fjordcruise
og bretur (for
grupper)
Dette er eit fantastisk tilbod for grupper som bur på Hotell
i Hardanger og vil ha avbrekk frå møter eller konferanse.
Pilagutt plukkar deg opp om morgonen, serverer fiskesuppe mens du
nyt synet av fjordlandskapet, med dei grøne liene, kvite
fjell toppane, og breen øvst oppe. Vel framme i Jondal står
buss og ventar på Dykk, ferda går no 19 km og 1200 høgdemeter
opp til Folgefonn Sommarskisenter, denne turen er spektakulær,
ein ser landskapet endrar seg til høgfjell og til sist står
ein ved foten av Folgefonna. Her møter breførar frå
Folgefonni Breførarlag Dykk. De får naudsynt breutstyr,
også sko og klede om De ikkje har. De er no klar for eit eventyr
i blått i Juklavassbreen. Som på Pilagutt er tryggleik
og service i fokus også på breen. Her kan ein gå
enkelt i isen, eller få utfordingar i form av isklatring og
rappelering. Dette tilpasser ein individuellt. Vel inni isen tek
ein lunsj. Vel nede att ventar Pilagutt med god mat og drikke og
transporterer deg trygt heim til hotellet. Denne turen kan ha utgangspunkt
frå De fleste hotella i Hardanger men også frå
Rosendal eller Solstrand på Os. Sesong frå juni til
september.
Fjordcruise
og sommarski (for
grupper)
Pilgutt plukkar deg opp ved hotellet eller anna plass langs Hardangerfjorden,
fraktar dykk til Jondal kai. Her ventar buss og tek deg med til
Folgefonn Sommarskisenter 1200 moh. Her ser ein fjorden under seg
og Nordsjøen i vest mens ein utfaldar seg på alpint
eller snowboard. Svært gode skiforhold heile sommaren. Etter
ein lang dag på ski tek Pilagutt deg tilbake der du vil langs
fjorden. Sesong frå mai til august.
Fjordcruise
VIP
(for VIP)
Pilagutt er ein ny og moderene båt. Ein kan skreddarsy eksklusiv
lunsj eller 3 rettars middag ombord, gjerne med eigen kokk. Ein
kan få ei heilt spesiell ramme rundt feiringa av t.d ny kontrakt,
jubileum, 50 årsdag osv. Unike attraksjonar rundt om i Hardanger
kan leggjast inn i programmet. Eit flott opplegg om våren
kan vere "ski and sail", ein har då eigen skiguide
ombord og reiser der skiforholda er best, overnatting på eksklusive
stader i langs fjorden. Full diskresjon. Sesong heile året.
Ta kontakt.
Vaktbåt / arbeidsbåt
Pilagutt er en spesialbygga Viknes 1030 som oppfyller krava for
å utføra vaktbåt oppdrag.
Masta har 3 rundtlysande lanterner i tillegg til standard lanterneføring
og vaktbåtflagg.
For god overvåking av skipstrafikken har den elektroniske
kart med AIS. 2 fastmonterte VHF`ar og 1 bærbar VHF sørger
for god og sikker kommunikasjon. Rask responstid med 20 knop. Dekket
er sjølvlensande med spylepumpe på dekk. Hydraulikkpumpe
med hurtigkobling og garnhaler som kan byttast ut med anna hydrauliskt
utstyr som gjer fartøyet godt egna for bunnprøvar med grabb. . Ta
kontakt for pris tilbod.
Du kan tinga turane over på Juklafjord, turistinformasjonen
i Jondal. Ta kontakt for kapasitet og pris. E-post: post@visitjondal.no
eller telefon +47 53 66 85 31. Du kan også ta direkte kontakt
med Kurt eller Arne som er skipparar ombord på Pilagutt.
Kontakt informasjon:
Pilagutt: +47 48 95 54 82
Kurt Sollesnes: + 47 90 57 89 05 (eigar og skippar)
Arne Vik: + 47 41 25 77 33 (skippar)
E-post adresse: pilagutt@hotmail.com
Web: www.pilagutt.no
Startside
Pilagutt-------------Detaljar
om Pilagutt-------------Produkt
med Pilagutt
|
|