+47 95117792
|
post@visitjondal.no

Jondal kommune

Folketal: 1080 • Areal: 210km2 • Bygdesenter: Jondal • Store naturattraksjonar: Folgefonna, Hereiane og Tveddalsstølen.
 

Jondal kommune med sine kring 1080 innbyggjarar, utgjer grendene Herand, Svåsand, Sollesnes, Krossdalen, Torsnes, og Kysnesstrand. Det er gjort historiske funn i Jondal kommune som fortel om busetnad langt tilbake i tid. M.a. er helleristningane
frå Herand datert tilbake til bronsealderen mellom 1800 og 500 f.Kr. og ei kvinnegrav ved Byrkjelandsvatnet tilbake til år 700. Dei eldste funna er gjort i Sævarehelleren i Herand, som viser funn på busetnad og gjenstandar 9000 år tilbake i tid. 


I mellomalderen var ein stor del av busetnaden i Krossdalen. Så kom svartedauden og gardane vart liggjande øyde. Krossdalen fekk mest truleg namnet i den katolske tida, då pilegrimar gjekk vegen frå Øvre Krossdalen til Reisæter, Ullensvang, og vidare til Røldalskyrkja, som var det viktigaste pilegrimsmålet i Noreg etter Nidarosdomen. Kvart år inviterar Jondal Sokneråd og Øvre Krossdalen Grendalag til Pilegrimstur langs pilegrimsvegen.


Hus og bygningar på Jondalsøyri skriv seg frå bygdesjøfartens høgkonjunktur og gjer Jondal til ein av dei mest verneverdige tettstadene i Hordaland. Nordlandsfarten er den viktigaste grunnen til alle sveitserhusa som vart bygde i dei første tiåra etter 1900. På 1890 talet sto Jondal fram som eit leiande fartøydistrikt, og ein reknar med at godt over 100 sjøfolk var sysselsette i sjøfarten kring 1900. Jondølingane reiste til Lofoten og Finnmark og kjøpte torsk og skrei, som dei flekte, salta og tørka, og selde vidare som ferdig klippfisk til kjøpmenn i Bergen, Kristiansund og Ålesund. Under den første verdskrigen gjekk stordomstida for Jondølane mot slutten, etter å ha vore ei av dei fremste sjøfartsbygdene på Vestlandet i fleire år. Den siste segljekta som høyrde heime i Jondalsbygda var
”Stine Kristine”. Ho vart seld i 1935.


Ferdafarten var eldre enn Nordlandsfarten, og stod på si høgd på midten av 1800 talet. Jordbruksvarer og handverksprodukt vart frakta med jekter og skøyter til større byar lengre sør langs kysten. Grunnen til at ferdahandelen fekk så godt feste og stort omfang i Jondalsbygdene, var eksporten av skiferheller og plattingstein frå hellebrota på Sollesnes, og salet av trebåtar, både færingar
og mindre hekkbåtar, som vart bygde i hopetal på Kysnes, Torsnes, i Jondal på Svåsand og i Herand.


I dag har Jondal kommune eit godt utbygd næringsliv med arbeidsplassar innan jordbruk, industri og tenesteyting. Sysselsettinga er størst innanfor offentleg sektor. Jondalstunnelen sto ferdig i 2012 og vil gav ein ny kommunikasjonsakse gjennom den mest folkerike delen av Hardanger. Tunnelen bind Folgefonnhalvøya saman på ein heilt ny måte og vil gje gode høve for vekst både for
lokalt og regionalt næringsliv. Frå 2020 vert Jondal kommune slått saman med Ullensvang Herad og Odda kommune i nye Ullensvang kommune.


I 2007 starta Fylkesmannen i Hordaland, landbruksavdelinga, eit prosjekt dei kalla Landskapsparkar i Hordaland. Herand var eit
av 7 område som kom med i prosjektet, og Herand Landskapspark vart oppretta. Landskapsparkar er unike natur- og
kulturlandskap, avgrensa av felles kultur og identitetskjensle. Lokalsamfunn og næring vert utvikla i fellesskap slik at områda vert attraktive som ein stad å bu og som besøksmål. Landskapsparkane skal vere viktige for bevaring og utvikling av norsk bygdeliv, og ein av grunnsteinane i Noreg si marknadsføring som natur og kulturreisemål internasjonalt. Landskapsparken i Herand har lagt stor vekt på
å ta vare på kulturlandskap og kulturminna i bygda og gjere desse tilgjengelege for publikum. ”Herand –den kulturhistoriske bygda” har blitt eit begrep. 

 

I 2005 vart Folgefonna Nasjonalpark oppretta. I 2008 fekk Jondal sentrum status som Nasjonalparklandsby, saman med berre
4 andre stader i Norge. Dette er eit pilotprosjekt frå Miljøverndepartementet og Direktoratet for Naturforvaltning som er meint å styrke verdiskapinga i lokalsamfunn, med utgangspunkt i nasjonalparken sin verdi som kvalitetsstempel på villmarksnatur. Ein Nasjonalparklandsby skal framstå som kulturberar med bevisstheit rundt eigne tradisjonar, og skal kunne tilby produkt og opplevingar med lokalt tilsnitt. Det er mellom anna lagt vekt på at landsbyen skal vise ei bevisst haldning til nærleiken til nasjonalparken og profilering av denne.

Nyttige telefonnummer

Nødnummer:
Lege: 113
Politi: 112
Brann: 110
Legevakt: 116117

Lege:
Legekontor i Jondal: 53675380

Legevakt: 53648010

Tannleger: 53668571

Informasjon:
Jondal turistinformasjon: 95117792

Jondal Kommune (sentralbord): 53669500

Taxi:
+47 91775872/+47 95332253

Daglegvarer: 
Spar Jondal (apotek og bensin) 53668564
Coop Jondal 53668000
Herand Landhandleri 976 97 030

Blomar:
Blomakroken 53668501
Frisør: 
Draumen frisør 48380936
Byggjevarer:
Bygger’n Jondal 53668841
Bilverkstad:
Jondal Bil AS 53668611

 

Minibank er plassert ved Coop i Jondal sentrum