+47 95117792
|
post@visitjondal.no

Jondal

I Jondal er den korte avstanden frå fjord til fonn den raude tråden i naturopplevingane. Du byrjar dagen på breen og endar i kajakk eller ved bålet i fjøra om kvelden. Både Fonna Glacier Ski Resort og Folgefonni Breførarlag tilbyr aktivitetar på og kring breen. Båten Pilagutt opnar nye moglegheiter i Hardanger, no er fjorden igjen blitt ferdselsveg og plass for store opplevingar.

Nede ved fjorden kan du vandra kring i bygdene som er særprega av sveitsarstilhus med helletak og velstelte frukthagar bundne saman av smale grusgangar. I sentrum av sjølve Jondal finn ein blant anna turistinformasjonen, daglegvarebutikkar, flotte badestrender, aktivitetspark for born, kunstgrasbane, sandvolleyball bane, minibank, utleige av syklar og kajakkar, GPS stiar, samt utleige av båt.

I Herand Landskapspark er det turstiar, klatrevegg, Hardanger kulturgalleri, helleristningar, båtbyggjarmuseum, oppgangssag og Meieriet pizzarestaurant. I Herand finn du også firmaet Kramsjø som har mange spennade aktivitetar og utleige av sykkel.

Fjellet i Jondal byr på eit mangfald av naturopplevingar. Her finn du garantert ein tur som passer deg. 35 ulike turar i Jondal er merka og med på eit turkart som er laga for Jondalkommune. Detaljert informasjon om turane er komme på web,(under fotturar i menyen) og la deg inspirera til å gå til fjells! Jondal har også flott skiterreng, vil du gå i skispor har Jondal idrettslag lysløype på Storemyr og løype frå Djupadal til Fodnastøl. 

Både Jondal og Herand har trivlege gjestehamner med tilgang på drivstoff for båtfolket og eit variert overnattings tilbod, alt frå romantiske gardsstover til fjordnære rom.

Du finn mykje informasjon om Jondal og Hardanger på www.hardangerfjord.com

Juklafjord

Folgefonna Ecotourism AS eig huset Juklafjord som er eit aktivitet og kunnskaps hus som ligg midt i Jondal sentrum. Her finn du tuistinformasjon for Jondal kommune, kafe Juklafjord, utleige av kajakk og sykkel, kundesenter for Folgefonni Breførarlag og kunnskapsutstilling om Folgefonna og Fjordbygdene. Folgefonna Ecotourism AS driv turistinformasjon og har anvar for Jondal Nasjonalparklandsby prosjektet på oppdrag av Jondal Kommune. 

Huset er bygd i Sveitserstil med Solesnes heller på taket har lang historie med aktivitetar og formidling av kunnskap, huset blei bygd i 1895 og var skule for Jondalsborna fram til 1961. Etter den tid har det vore kommunal barnehage og ungdomsklubb i huset. Jondal Røde kors og Jondal Husmorlag har også nytta huset til deira aktivitetar. I 2009 overtok Folgefonni Breførarlag huset, og flytta det ca. 100 meter til ny tomt mot sjøen i sentrum. Huset måtte flyttast fordi Coop skulle utvida sine lokale. Etter flyttinga er huset restaurert og har no desse funksjonane: 

Turistinformasjon
Her får du all den informasjonen du treng for å oppleve Jondal på sitt beste. I staden for å bli møtt av ein vegg av brosjyrar vil ein av dei tilsette hjelpe deg å planlegge opphaldet ditt og finne det du treng av informasjon.

Kafe Juklafjord (Hardangermeny)
Her finn du lokal produsert mat og kaffi av høg kvalitet. Er været fint er det fin uteplass mot fjorden du kan kose deg på med kaffi koppen. Interiøret i kafen i gamal stil som skapar ei stemning som du seint vil gløyme. Det er også utsal av utvalgete produkt frå Hardanger i samband med kafen.

Kunnskapsutstilling
Juklafjord har status som innfallsport for Folgefonna Nasjonalpark. Det betyr at her finn du informasjon og inspirasjon til å oppleva Folgefonna Nasjonalpark. Kunnskapsutstillinga er basert på bokverket Folgefonna og Fjordbygdene utgitt av Nord4. Her kan du lære meir om fjordlandskapet, breen, klimaet og livet i bygdene no og i farne tider.

Kundesenter for Folgefonni Breførarlag
Aktivitetane til Folgefonni Breførarlag vert organisert frå Juklafjord. Her kan du leige deg kajakk, kano, sykkel, båt, få tur tips, og bestille breturar på heile Folgefonna. Me tar mål av oss å ha fyrstehandskunnskap om alt som skjer av aktivitetar i nasjonalparken.