+47 95117792
|
post@visitjondal.no

Merka turstiar i Jondal

Fritidsaktivitetsteamet i Folgefonnlandsbyen Jondal og Jondal Idrettslag har gjort ein svært god jobb med å merka/skilta 35 ulike turstiar i Jondal. Alle turane er blitt gradert etter vanskegrad og markert på eit turkart. Graderinga fylgjer ein standard som er definert i "Merkehandboka". Les også om graderinga og ansvar.

 

Turkartet med alle merka turane kostar 150 NOK og kan kjøpast på daglegvarebutikkane i Jondal og på turistinformasjonen, Juklafjord. Du kan også kjøpa kartet i nettbutikken vår. Kartet har målestokk 1:50000, for trygleiken bør ein  absolutt ha med seg dette på tur. Informasjon om alle 35 turane frå turkartet er tilgjengelege på web, sjå Fotturar i menyen. Turane er nummererte på same måte som på kartet, og tur nr. 1 lengst nord og tur nr. 35 lengst sør i Jondal Kommune. Du finn også alle turane med GPS spor på ut.no og Lommekjent.no 

 

Finn du feil på websider, GPS spor, manglande merking osv. sett me stor pris på tilbakemelding. Har du fine bilete frå nokon av turane legg me dei gjerne ut på websida. Ta kontakt på post@visitjondal.no

 

Jondal har også flott skiterreng, vil du gå i skispor har Jondal idrettslag lysløype på Storemyr og løype frå Djupadal til Fodnastøl, sjå film her