+47 95117792
|
post@visitjondal.no

1-Åsleite-Samlen

Skildring av tur (3 timar, tur/retur) Du startar på skogsveg, og etter om lag 100 m finn du skilt, der stien tek til venstre gjennom granskog. Så går stien bratt opp ei steinur, og når du kjem til endes på denne ura må du forsera eit berg. Der er det bygt ei trapp. Stien fortset til venstre ut ei skor, Fureskora. Vidare svingar stien til høgre og delvis bratt oppover. Når du passerer skoggrensa får du godt utsyn ned mot Herand og mot Herandsfjella. Vidare går du over våte myrar før det igjen stig bratt opp. På toppen opnar det seg spektakulær utsikt ut og inn Hardangerfjorden   Sesong Mai - oktober/november. Du bør ikkje gå dersom det er snø eller frost.   Råd for turen -Ta med mat, drikke og vindtette klede. -Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du også bruke joggesko. - Mobildekning er god på det meste av turen.  - Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.  - Det er bandtvang 1. april – 20. august.  - Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.  - Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.   Gradering   Kart     Startpunkt/parkering Ved veg 550, ca. 4,6 km nord for Herand kai. Dette er ca. 250 m nord for kommunegrensa mellom Jondal og Ullensvang, som er skilta. Turskilt til Samlen står på vestsida av vegen. Her kan du parkera i vegkanten, eller parkera på det høgaste punktet på vegen (Åsleitet). Parkering på eige ansvar. (Infotavle for tur 1 står ca. 500 m sør for startpunktet, ved starten på skogsvegen til Våhaug (sjå tur 3, 4 og 5).

Langaskarv-Såta

Skildring av tur (2-3 timar, rundtur) Turen går for det meste i tørr og god sti; i starten gjennom bjørkeskog, og når du kjem over tregrensa går stien oppå ein rygg heilt til du kjem opp til Såtesteinane. Fin utsikt mot Hardangerfjorden, Samlen og ned til Herand langs heile denne ryggen. Ved Såtesteinane vender stien mot Såta, med utsikt mot stølane og tilhøyrande vatn for tur nr. 6. Flott utsikt i alle retningar når du kjem opp på Såta. Vidare går du ned til krysset med stien til Tostøl, og følgjer denne stien tilbake til Våhaug og vidare ned vegen til Langaskarv. Denne turen er ein rundtur og er omtalt å starta ved Langaskarv, men vanskegraden er svært lik om du vel å gå motsett veg. Då går du opp til Våhaug og vidare mot Tostøl. Når du kjem oppover eit stykke er det skilta til Såta.    Sesong Mai - oktober/november. Du kan også gå turen på ski om vinteren, men då vert turen noko meir krevjande og lengre fordi skogsbilvegen ikkje er brøytt, og du må derfor gå frå hovudvegen.   Råd for turen -Ta med mat, drikke og vindtette klede.   - Du kan ofte gå denne turen i joggesko.   - Mobildekning det meste av turen.   - Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.   - Det er bandtvang 1. april – 20. august.   - Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.   - Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.   - Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.    Gradering   Kart   Startpunkt/parkering 4,1 km nord for Herand kai tek du av mot aust frå veg 550, på ein skogsbilveg litt sør for det høgste punktet på vegen (Åsleitet). Det står ei infotavle der. Etter ca. 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil (kontant betaling). Etter ca. 2,1 km (ca. 300 m før enden av vegen) kjem du til Langaskarv, der det er skilta til Såta. Her er det ein liten parkeringsplass. Parkering på eige ansvar. Ved enden av vegen er det ei infotavle

Våhaug-Vatnasetenuten

Skildring av tur (4 timar, rundtur) Ved parkeringsplassen er det ei infotavle. Gå ca. 50 m til ei bru. Her er det skilta til Vatnasetenuten og Tostøl. Denne turen er ein rundtur og er omtalt å gå først i retning Tostøl, men vanskegraden er svært lik om du vel å gå motsett veg. Gå over brua i retning Tostøl. Stien er forholdsvis lett å gå, men med ein del små kneiker. På blaute parti er det er lagt steinar til å trø på. Etter ca.1 time kjem du øvst i Saurdalen, til eit stikryss med skilting til Vatnasetenuten og Tostøl. Gå mot Vatnasetenuten. Etter nokre kneiker kjem du opp på eit høgdedrag og har god utsikt i alle retningar. Følg dette høgdedraget mot nord heilt opp til Vatnasetenuten. Flott utsikt frå toppen. Turen vidare ned til Våhaug er bratt i starten, men elles er det lett å gå.    Sesong Mai - oktober/november. Du kan også gå turen på ski om vinteren, men då vert turen noko meir krevjande og lengre fordi skogsbilvegen ikkje er brøytt, og du må derfor gå frå hovudvegen. Råd for turen -Ta med mat, drikke og vindtette klede.   - Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du også bruke joggesko.  - Mobildekning er ikkje god på heile turen. Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.   - Det er bandtvang 1. april – 20. august.   - Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.   - Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.   - Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.    Gradering   Kart   Startpunkt/parkering 4,1 km nord for Herand kai tek du av mot aust frå veg 550, på ein skogsbilveg litt sør for det høgste punktet på vegen (Åsleitet). Det står ei infotavle der. Etter ca. 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil (kontant betaling). Ved enden av vegen er det god parkeringsplass (Våhaug). Parkering på eige ansvar.