+47 95117792
|
post@visitjondal.no
Kulturgalleriet

Hardanger Kulturgalleri -Herand

Omkransa av fantastisk kulturlandskap og med panorama fjordutsyn ligg Hardanger kulturgalleri som ei perle. Eit besøk her gjev opplevingar i mange dimensjonar. 

Dette er eit levande galleri, med moglegheit for mat og drikke samt overnatting, i verkstaden kan ein få kurs innan trearbeid, utført reprasjon av tregjenstandar, eller omvisning .

post@kulturgalleriet.no, Telefon: 53668930 / 92204607 / 92093121
 

Jondal kyrkje

Jondal kyrkje- Jondal 

Jondal kyrkje (Hardangerkatedralen) er open kvar dag (ikkje guiding) i sommarsesongen. Fri inngang, høve til å gje ei gåve til kyrkjelydsarbeidet. Alle tysdagar i juli månad er det orgelresitasjon / lunsjkonsert kl 11.30, med enkel kaffiservering i kapellet etterpå. Fri entrè, høve til å gje ei gåve til kyrkjelydsarbeidet. For meir info, sjå www.jondalkyrkje.no

Herand Landskapspark

Herand Landskapspark -Herand

Eit prisbelønna kulturlandskap og ligg som ei perle midt i Hardanger ved foten av Folgefonna Nasjonalpark. Ein unik topografi har gitt rom for eit avgrensa bygdesentrum der alle kulturminna er samla innan gangavstand og skaper eit autentisk miljø ein knapt finn maken til.Her kan du oppdaga ein del av Noreg si kulturhistorie, nyta det unike kulturlandskapet, besøka gardstun eller kjenna energien til naturen på hesteryggen, i sjøkajakk eller i bygda sine mangfaldige og godt merka turstiar. Herand har noko å by på for ein kvar smak - hjarteleg velkomen! Sjå meir på www.herandslandskapspark.no, +45 99640120