+47 95117792
|
post@visitjondal.no

Folgefonnvegen

Jondal kommune ligg i ytre Hardanger i Hordaland fylke. Kommunen er særmerkt med si lange kystlinje, frå Årsand i sør til Herand i nord er det heile 60 km med strandsone.Totalt har kommunen eit landareal på om lag 210 km2 der Folgefonna Nasjonalpark utgjer 1,2 km2. Innbyggjar talet i kommunen er pr i dag 1080 personar. Kommunesentrum er bygda Jondal der kommuneadministrasjon,skular og barnehagar, samt butikkar er å finna. Bygningsmiljøet i den gamle delen av Jondalsøyri kjem frå sjøfartens høgkonjuktur, frå den tida då Jondølingane dreiv
med Nordlandsfart og handel. Dei flotte sveitsarstil husa vart bygd av rike jekteskipparar som synte sin rikdom gjennom flotte hus med solide skifertak frå hellebrotet
på Solesnes. Næringslivet i Jondal er i dag dominert av Jondal Stål som leverer utstyr til oljeindustrien samt ei stor oppdrettsnæring som utnyttar den lange kystlinja. I tillegg er det ein del mjølkeprodusentar og sauebønder fordelt mellom dei ulike bygdene. Etter at tunnelen mot sør opna i 2012 opna det seg nye arbeidsmarknader i Odda og Kvinnherad. Turisttrafikken til Jondal er aukande og det er særleg den lette tilgangen til Folgefonna som trekkjer folk. Vegen vart bygd i samband med kraftutbygginga på 1970 talet då ein bygde ut tunnelar som samlar opp alt smeltevatnet på nord og vestsida av Nordfonna. Folgefonnvegen er 19 km og let seg køyra på under halvtimen med ein stigning på 1200 meter. Dette gjer Jondal til den plassen i heile Nord Europa der avstanden frå fjord til fonn er kortast. I 2008 fekk Jondal status som Nasjonalparklandsby for å fremja berekraftig tursime knytt til naturrikdommane i kommunen.
  • Folgefonnvegen er ei fantastisk reise frå fjord til fonn 
  • Vegen startar i Jondal Nasjonalparklandsby som ligg ved Hardangerfjorden
  • 19 km asfaltert veg heilt til brekanten 

Reiserute

  1. Jondal
  2. Fonna Glacier Ski Resort