+47 95117792
|
post@visitjondal.no

8-Svåsand-Vassenden

Skildring av tur (2-3 timar, ein veg)

Følg gardsvegen forbi gardshusa og over på traktorveg. Dersom du opnar grinder må du hugse å lukke dei. Når du har passert husa i Dalen står det eit retningsskilt. Herifrå er det sti med varierande stigningsgrad opp til stølen Klepp. Vidare går stien i lett skogsterreng (litt myrlendt) til du kjem fram til grusvegen som går opp til Vassenden. Ved Vassenden finn du informasjonstavle, og du kan gå vidare på tur nr. 9, 10 og 11.


Sesong

Mai - oktober/november.


Råd for turen

-Ta med mat, drikke og vindtette klede. 
- Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du også bruke joggesko.
- Mobildekning er ikkje god på heile turen. 
- Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS. 
- Det er bandtvang 1. april – 20. august. 
- Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september. 
- Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel. 
- Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.

Gradering
Middels

Kart

 

Startpunkt/parkering

Ta av frå veg 550 i Svåsand, på ein gardsveg der det står informasjonstavle og turskilt til Vassenden. Har du bil, køyr denne vegen opp til gardstunet, eller parker ved hovudvegen. Det er ikkje gode parkeringsplassar ved hovudvegen eller i gardstunet. Ved parkering i gardstunet må du avtala med dei som bur der. Parkering på eige ansvar.

Reiserute

  1. Start point tour 8