+47 95117792
|
post@visitjondal.no

7-Strondi-Haugsvarden

Skildring av tur

Du går for det meste på berg som vert glatte dersom dei er våte. Det er til dels bratt, men samtidig lett å gå på berg. Når du er nesten framme må du gå over nokre få blaute myrar. Fin utsikt ut på fjorden og Herandsholmen på veg opp, og på toppen er det flott utsikt ned til Herand.


Sesong

Mai – oktober. DU BØR IKKJE gå dersom det er vått, snø eller frost (glatte svaberg).


Råd for turen

-Ta med mat, drikke og vindtette klede. 
- Du bør ha joggesko eller fjellstøvlar. 
- Mobildekning er god på det meste av turen. 
- Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS. 
- Det er bandtvang 1. april – 20. august. 
- Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september. 
- Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.

Gradering
Middels

Kart

Startpunkt/parkering

Startpunktet ligg ved veg 550, 3,0 km sør for Herand og 2,2 km nord for Svåsand. Dette er ca. 100 m nord for rasteplass i Hereiane, der det står ei infotavle om turen. Ved starten er det plass til 2 - 3 bilar. Parkering på eige ansvar.

Reiserute

  1. Startpunkt tur nr 7