+47 95117792
|
post@visitjondal.no

Folgefonn Gjestetun

I juni 2003 opna Folgefonn Gjestetun dørane i det som tidlegare var Jondal alders-og sjukeheim. Etter ei fullstendig oppussing kan gjestetunet i dag by på 30 gjesterom med plass til om lag hundre gjester. Særleg har Folgefonn Gjestetun vorte populært blant idrettslag, skigymnas, krinslag og landslag som nyttar dagane på Folgefonn Sommarskisenter. Men og skuleklassar, pensjonistlag, familiar og andre som ynskjer eit rimeleg overnattings- og ferietilbod, har fått augene opp for oss og det Folgefonn Gjestetun og Jondal har å by på.

For meir informasjon og booking: Tlf. 53 66 80 55, www.folgefonn-gjestetun.no

Folgefonn gjestetun ligg kun 2-300 meter frå Jondal ferjekai, er derfor i gå-avstand til det meste i Jondal. Det er 19 km til skisentert på Folgefonna, på sommaren går det dagleg buss, så bur du på Folgefonn Gjestetun og skal på Folgefonna kan du klara deg utan bil. Daglege bussavgangar til Bergen og Oslo. 

  • Perfekt for skilag og andre grupper
  • Trampoline i hagen
  • God mat og drikke

Reiserute

  1. Jondal