+47 95117792
|
post@visitjondal.no

Turskiløypa, Vassenden-Fodnastøl

Løypa er eit samarbeid mellom Jondal og Herand idrettslag. Jondal IL eig og har driftsansvaret for løypemaskina. All løypekøyring og brøyting vert utførd på dugnad. Startpunkt for løypa er Djupadal, med tilkomstveg frå Molve.  Løypa har også tilkomstveg frå Samland til Bjønndalane. Begge vegane vert brøyta og har bomavgift, avgifta går med til å dekka vegvedlikehald/brøyting og driftsutgifter til løypemaskina. Det er oppsett  2 grindbygg m/bålpanne langs løypa som alle kan nytta. Forlat rasteplassen  slik du ynskjer å finna den

Løypa har to tilkomstvegar, start turen frå Djupadal eller Bjønndalane. Det er bomveg begge stader. Utgiftene til brøyting og løypekjøring er store, og bomavgifta skal dekka det meste av desse utgiftene. Legg kvittering for betalt avgift synleg i bilen. 

  • Preparert skiløype i noko av det flottast fjordlandskapet som finnes
  • Løypa har to tilkomstvegar, start turen frå Djupadal eller Bjønndalane
  • Djupadal – Bjønndalane 14 km
  • Bjønndalane – Fodnastøl  6 km  

Reiserute

  1. Djupadal
  2. Bjønndalane
  3. Djupadal
  4. Bjønndalane