+47 95117792
|
post@visitjondal.no

Flatabø Overnatting- Øvre Krossdalen

På garden Flatabø, halvvegs mellom Jondal og Folgefonn sommarskisenter, kan du bu i triveleg gardsmiljø i velutstyrt gardshus, leiligheiter eller rom.


Alle leiligheitene har høg standard med bad, wc, dusj, kjøken, vaskemaskin, TV, dei fleste har og trådlaus internettilgang. I leiligheitene/husa er det 4, 6, 10, 17 (22) sengeplassar.

Alle har fullt utstyrt kjøken, slik at du kan lage din eigen mat om du ønskjer det.

Gode lokale for preparering av ski.
Dei største leiligheitene/husa har eigne tørkerom for våte treningsklede og skotørkarar.


Då vi er næraste busetnad til Fonna Glacier Ski Resort (Folgefonna sommarskisenter) er mange av gjestene våre alpinistar eller langrennsløparar på treningssamling.

Staden passar også godt for familiar, skuleklassar eller andre grupper.

Kontakt Tlf. 92 63 35 08  eller send ein e-post:gunlaug_joakimsen@msn.com

Flatabø Overnatting ligg i Øvre Krossdalen, omlag 10 km køyring frå Jondal sentrum.  Det tek under 2 timar frå Jondal til Bergen, ca 6 timar til Oslo og Haukeliekspressen (linje 930) passerer 3 gonger dagleg. Frå Jondal sentrum til Norheimsund i Kvam kommune tar det omlag 35min og 40 min til Odda. Frå Krossdalen tar det omlag 20 minutt å køyre til Folgefonna Nasjonalpark, Fonna Glacier Ski resort og guida turar på Folgefonna.

  • Landlege omgjevnader
  • Kun 20 min køyring til Folgefonna Sommarskisenter

Reiserute

  1. Jondal