|
Hardanger Kulturgalleri
-Kunst og kultur i Herand i Hardanger
Heimeside: www.kulturgalleriet.no
Omkransa av fantastisk kulturlandskap
og med panorama fjordutsyn ligg Hardanger kulturgalleri som ei perle.
Eit besøk her gjev opplevingar i mange dimensjonar. Kulturgalleriet
er ope dagleg gjennom heile sommarsesongen mellom klokka 11 og 17
(måndag stengt). Dette er eit levande galleri, med moglegheit
for mat og drikke samt overnatting.I verkstaden kan ein få
kurs innan trearbeid, utført reprasjon av tregjenstandar,
eller omvisning.
Kunstnaren
Kunsthandtverkar Arne Bakke Mælen
lagar prydgjenstandar i tre. Alle gjenstandane er handlaga. Det
vil derfor ikkje finnast nokon som er like. Han er sjølvlærd,
har studie av tredreiarfaget som kunsthandverksfag sidan 1992. Ellers
2-årig utdanning innan byggfag 1976-78. Er medlem av Harding Puls.
Kvar
Hardanger Kulturgalleri ligg ca 20
km. nord-aust for Jondal ferjekai i retning Utne-Odda. Hit kan ein
også koma sjøvegen på fine dagar. Frå kaien er det ein fin gangveg
på ca 10-15 min. opp til galleriet. Sjøvegen blei nytta til all
ferdsle fram til 1977.
Om
Hardanger kulturgalleri stod ferdig
i 2005, og er eit nytt bygg oppført i kombinasjon av gamal og ny
arkitektur/ byggjestil. Her stod det tidlegare ei gamal løe frå
ca. år 1750 +/-. Grunnlaget for nybygget var eit sterkt aukande
behov for ein ny tredreiarverkstad på garden.
Kulturgalleriet ligg som ein del
av eit gamalt “rekkjetun” med bygningar frå ca. 1500/1600 og fram
til i dag. Rekkjetun er det svært få att av i landet. Det har såleis
historisk verdi, både på lokalt og nasjonalt plan. Prosjektet vart
påbegynt i 1998, og starta med opprensking og tilrettelegging av
parkeringsplassar for bilar, og snuplass for bussar. Alle murane
som er oppførde, har stein som er funnen på garden og områda rundt.
Det er over 800m2 ny tørrmur, og det viktige har vore å få dei nye
murane til å gli inn med dei gamle som var oppførd for fleire hundre
år tilbake. Det aller meste av materialane er hogd på garden.
Til oppvarming blir det nytta flis
frå verkstaden. Denne går gjennom eit forbrenningsanlegg og varmar
opp bygget, samt vatn til kjøkken og dusj/bad. Dette er eit heilautomatisk
lukka system etter eigen idè.
Kulturlandskapet
Rundt Kulturgalleriet finn ein eit
heilt særmerkt og spennande område. Her er stiar og fornminne frå
ulike tids-epokar, fauna, dyre og fugleliv og anna, noko bileta
viser.
Konsertar og utstillinga
Gjennom heile året kjem det
flotte artistar til kulturgalleriet. Artistar vert annonsert lokalt
og på deira nettside. Det vert også sett opp ulike kunstutstillingar.
Opningtider og kontaktinformasjon
Ope for grupper heile året.
Ope for turistar dagleg (utanom mandag) frå klokka 11 til
klokka 17 (15.06-20.08).
Web: www.kulturgalleriet.no
, E-post: post@kulturgalleriet.no, Telefon: 53668930 / 92204607
/ 92093121
. |