Jondal Turistkontor

Skihopp med fjordutsikt!
English pages German seite Norske sider

 

Jondal -Folgefonnlandsbyen
I Jondal er den korte avstanden frå fjord til fonn den raude tråden i naturopplevingane. Du byrjar dagen på breen og endar i kajakk eller ved bålet i fjøra om kvelden. Både Folgefonna Sommarskisenter og Folgefonni Breførarlag tilbyr aktivitetar på og kring breen. Båten Pilagutt opnar nye moglegheiter i Hardanger, no er fjorden igjen blitt ferdselsveg og plass for store opplevingar.

Nede ved fjorden kan du vandra kring i bygdene som er særprega av sveitsarstilhus med helletak og velstelte frukthagar bundne saman av smale grusgangar. I sentrum av sjølve Jondal finn ein blant anna turistinformasjonen, daglegvarebutikkar, flotte badestrender, utleige av syklar og kajakkar, GPS stiar, samt utleige av båt.

I Herand Landskapspark er det turstiar, klatrevegg, Hardanger kulturgalleri, helleristningar, båtbyggjarmuseum, oppgangssag og Meieriet pizzarestaurant. Både Jondal og Herand har trivlege gjestehamner med tilgang på drivstoff for båtfolket og eit variert overnattings tilbod, alt frå romantiske gardsstover til fjordnære rom.

Turistinformasjonen i Jondal finn du i Juklafjord som ligg sentralt plassert i sentrum og er ope kvar dag frå 15 juni til 15 august. Opningstider er 09:30 til 16:00 i juni, i juli og august til kl. 18:00.

Velkommen til Jondal


Nyttige telefonnummer i Jondal, komme deg frå Bergen til Jondal? Sjå her

10. desember er Juklafjord ope frå kl. 10-18. Sal av gåveartikklar frå Hardanger, julegraut mm., kl. 14:30 er det føredrag med Svein Nord og Eva Røyrane om deira nye bok "Fabrikkbyane i Hardanger". Velkommen!

Hardangerbunad

 

 

 

 

 

 

 

 

Contact information