+47 95117792
|
post@visitjondal.no

Langaskarv-Såta

Skildring av tur (2-3 timar, rundtur)

Turen går for det meste i tørr og god sti; i starten gjennom bjørkeskog, og når du kjem over tregrensa går stien oppå ein rygg heilt til du kjem opp til Såtesteinane. Fin utsikt mot Hardangerfjorden, Samlen og ned til Herand langs heile denne ryggen. Ved Såtesteinane vender stien mot Såta, med utsikt mot stølane og tilhøyrande vatn for tur nr. 6. Flott utsikt i alle retningar når du kjem opp på Såta. Vidare går du ned til krysset med stien til Tostøl, og følgjer denne stien tilbake til Våhaug og vidare ned vegen til Langaskarv . 

Denne turen er ein rundtur og er omtalt å starta ved Langaskarv, men vanskegraden er svært lik om du vel å gå motsett veg. Då går du opp til Våhaug og vidare mot Tostøl. Når du kjem oppover eit stykke er det skilta til Såta. 

 

Sesong

Mai - oktober/november. Du kan også gå turen på ski om vinteren, men då vert turen noko meir krevjande og lengre fordi skogsbilvegen ikkje er brøytt, og du må derfor gå frå hovudvegen.

 

Råd for turen

-Ta med mat, drikke og vindtette klede. 
 - Du kan ofte gå denne turen i joggesko. 
 - Mobildekning det meste av turen. 
 - Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS. 
 - Det er bandtvang 1. april – 20. august. 
 - Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september. 
 - Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel. 
 - Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort. 
 

Gradering

Middels

Kart

 

Startpunkt/parkering

4,1 km nord for Herand kai tek du av mot aust frå veg 550, på ein skogsbilveg litt sør for det høgste punktet på vegen (Åsleitet). Det står ei infotavle der. Etter ca. 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil (kontant betaling). Etter ca. 2,1 km (ca. 300 m før enden av vegen) kjem du til Langaskarv, der det er skilta til Såta. Her er det ein liten parkeringsplass. Parkering på eige ansvar. Ved enden av vegen er det ei infotavle.

Route

  1. Startpunkt Langaskarv (tur nr. 4)