|
Hardanger Kulturgalleri
-Herand
Omkransa av fantastisk kulturlandskap
og med panorama fjordutsyn ligg Hardanger kulturgalleri som
ei perle. Eit besøk her gjev opplevingar i mange dimensjonar.
Kulturgalleriet er ope dagleg gjennom heile sommarsesongen
mellom klokka 11 og 17 (Måndag stengt).
Dette er eit levande galleri,
med moglegheit for mat og drikke samt overnatting, i verkstaden
kan ein få kurs innan trearbeid, utført reprasjon
av tregjenstandar, eller omvisning .
www.kulturgalleriet.no , post@kulturgalleriet.no,
Telefon: 53668930 / 92204607 / 92093121
les
meir her.. |
Jondal kyrkje (Hardangerkatedralen)
- Jondal
Jondal kyrkje er open kvar dag (ikkje guiding) mellom kl 10.00-20.00 i tida 14.juni til og med 14.august. Fri inngang, høve til å gje ei gåve til kyrkjelydsarbeidet. Alle tysdagar i juli månad er det orgelresitasjon / lunsjkonsert kl 11.30, med enkel kaffiservering i kapellet etterpå. Fri entrè, høve til å gje ei gåve til kyrkjelydsarbeidet. For meir info, sjå www.jondalkyrkje.no
|
|
Herand
Herands- bygda byr på eit sjeldant
godt bevart kulturlandskap, både i bygda og i stølsmiljøa
til fjells. Ein kan oppleve alt frå 9000 år gamle steinalderfunn
til unike geologiske fenomen kalla trafoni. Her er tilrettelagde
turar i terrenget som kan opplevast åleine eller med lokal
guide. Tel. 53 66 85 31 / 53 66 95 00 |
|
Helleristingar-Herand
På Bakke i
Herand like ved Rv 550 til Utne, finn ein om lag 150 særeigne
helleristningar med unike menneskefigurar, offergroper og
fruktbarheitssymbol frå bronsealderen. Informasjonsskilt på
staden. Ver venleg ikkje trakk på eller riss inn i berget.
Tel. 53 66 85 31 |
|
Jondal Skulemuseum
- Jondal
I Årsand frå
1903. Sjå korleis eit skulehus frå oldefar si tid såg ut!
Omvising for grupper etter avtale med turistkontoret. Tel.
53 66 85 31 |
|
Kvernhus
i elvemiljø - Herand
Kvernhuset er restaurert og
ligg i sitt opphavlege miljø. Nytta til maling av korn ved
hjelp av vasskraft. Kverna kan startast etter avtale med Stiftinga
Herand Aktiesagbruk. Tel. 97710810 |
|
Kjølhalingskjeret
- Jondal
Frå ca. 1860, ligg i Jondal
hamn som eit kulturminne frå jaktefarten. Nytta til kjølhaling
av hardangerjaktene.
|
|
Naustrekkja
på Svåsand - Jondal
Båtbyggjarnaust i rekkje, eit
av desse er tømra. Døme på gamal kystkultur. Nokre av desse
er restaurerte. Tel. 53 68 85 31 |
|
Oppgangssag
i Herand - Herand
Båtbyggjing var tidlegare ei
viktig næring i Herand og ei tilleggsnæring for gardane. Tømmeret
vart skore på ei vassdriven oppgangssag. Saga var i full drift
til slutten av 1970 grunna tradisjonsrikt kyst- og båtbyggjarmiljø
i Herand. I 1992 vart saga restaurert. Ope: 19. mai-29.
jun tor, kl. 11:00-12:00 Barn: NOK 20, Voksen: NOK 40. Tel.
97 71 08 10 |
|
Sveitserhusa
- Jondal
Jondal har ei unik samling
av sveitsarhus frå 1800- og 1900 talet. Ta turen på ein av
dei mange grusvegane og sjå på husa med dei flotte helletaka,
vindauga i krysspoststil og dei velstelte frukthagane. Tel.
53 66 85 31 |
|
Viketunet
- Jondal
Flott gardstun frå 1600 - 1700
talet, 2 min. gange frå ferjekaien. Gammal lensmannsgard med
sju hus, det eldste frå ca.1611. Inventaret i hovudhuset gjev
inntrykk av at det framleis bur folk her. Omvising for grupper
etter avtale med turistkontoret. Tel. 53 66 85 31 |
|
Akjerhaugen
- Jondal
Friområde i Jondal sentrum
med flott utsikt, bronsealderrøys, og minnebauta. E-post:post@visitjondal.no
|
Båtbyggjarmuseet
- Herand
I eit av dei gamle nausta i
båthamna Herand finn du båtbyggjarmuseet. Her er bygd opp
ein tradisjonell gavlbåt frå Herand som illustrerer handverket.
I tilegg er det ei rik samling av gammalt verktøy som var
nytta i båtbyggjinga samt ei brei dokumentering av tradisjonen
gjennom bilete og tekst. Ope på forespurnad. Tel. 53 66
85 31 |