|
GPS
stiar
Ved å nytte idear
frå "geocaching" konseptet er det lagt opp til at folk skal finna
fram til i fjellheimen i Jondal ved hjelp av ein GPS. Det er også
laga korte bygdevandringsturar i Herand og Jondal. Konseptet er
at du ved hjelp av eit GPS apparat skal kunne ta deg fram og oppleve
det unike landskapet i Jondal.
Om du har eigen GPS
kan du på turistkontoret få lagt inn den ruta du ynskjer å gå, samt
kjøpe kart over området du har tenkt å gå i. Dersom du ikkje har
GPS kan du få leige dette ved turistkontoret.
Å bruke eit GPS apparat
krev litt førehandskunnskap, Jondal turistkontor er ikkje ansvarleg
for feil bruk av GPS, eller at rutene er feil. Alle bør ha med seg
kart og kompass i tillegg til GPS'en for Dykkar eigne tryggleik.
Kom innom turistkontoret for meir informasjon.
Dei ulike GPS stiane er
framleis under utvikling, dei ulike stiane vil bli lagt ut her når
dei er klare (oppdatert 20.03.2009).
|