|
Fiske/Båt
tur
Jondal turistinformasjon
organiserer utleige av ulike båtar. Å ta seg ein tur på fjorden
er obligatorisk om ein vitjar Jondal. Jondal har svært lange båt
tradisjonar. Jondøler var kjent som gode båtbyggjarar, men også
gode sjømenn. Dei flotte sveitsarstil husa frå 1800-talet er synleg
prov på at sjøfolk frå Jondal kom heim med godt med pengar i reisekista
si. Det var særleg nordlandsfart som fekk Jondal på kartet som sjøfartskommune.
Det var gode pengar i å segle nordover, kjøpe klippfisk, segle sørover
att til Bergen, Haugesund , England og selje med god forteneste.
I farne tider før
vegen kom langs fjorden måtte folka i grendene i Jondal komme sjøvegen
til kyrkje. Då brukte dei ofte tiæringar, med moglegheit for å kunne
segle. Jondal Kommune har ein kopi av ein slik kyrkjebåt. Denne
er det råd å leige, eller vere med på faste turar kva torsdag gjennom
heile sommaren.
Jondal turistkontor
hjelper deg med å finne gode fiskeplassar.
Båtar til leige
(prisar inkl. redningsvestar):
15 fot plastbåt med
4 hk motor, 200 NOK pr. time, 500 NOK pr. døgn.
15 fot plastbåt med
10 hk motor, 300 NOK pr. time, 600 NOK pr. døgn.
23 fot skjergårdsjeep,
Askeladden med 60 HK motor, 500 NOK pr. time, 1000 NOK pr. døgn.
24 fot Kyrkjebåt,
tiæring, 100 NOK pr. time, 500 NOK pr. døgn.
Fiskeutstyr:
Fiskestang med sluksett,
100 NOK pr. time, 300 NOK pr. døgn.
Pilkesnøre, 100 NOK
pr. time, 300 NOK pr. døgn.
|