|
Daglege
aktivitetar
I Jondal har me eit
breitt utval av aktivitetar. Her kan ein boltre seg i ulike naturelement,
snø, blåis, vatn og fjell. Den unike nærheita mellom Folgefonna
og Hardangerfjorden er spesiell for Jondal.
Dette gjev rom for
å oppleve store kontrastar på kort tid. Kva med å stå nokre timar
på alpint på Folgefonn Sommarskisenter for så å fiske sin eigen
middag? Eller ta deg ein morgontur med kajakk på Hardangerfjorden
før du tek sykkelen fatt og syklar til Utne og Utne Hotell. Etter
ein god middag på Utne Hotell, tek du sykkelen med på båten tilbake
til Herand. Der kan du avslutte kvelden med "Italiensk kveldsmat"
i Meieriet . Eller vil du oppleve ei verd av blåis midt på
sommaren? Eller kva med ein kveld med fjordcruise med Pilagutt på Hardangerfjorden? Skipparen veit kor fiskelykka er størst!
Dei ulike aktivitetane
gjer at ein kan skreddarsy dagar fulle av aktivitetar som passar
deg. Jondal er absolutt staden for deg som ikkje ynskjer å sitje
stille, men oppleve noko! Jondal turistinformasjon hjelpar deg gjerne
med å setje saman ulike aktivitetspakkar. Me kan tilby deg både
organiserte aktivitetar og aktivitetar du kan gjere på eigahand.
Her fylgjer meir informasjon om dei ulike aktivitetane.
Ta kontakt med turistinformasjonen
om du ikkje finn ein aktivitet under som passar deg eller Dykk.
Det
er nemleg fleire aktivitetar i Jondal Kommune som ikkje er presentert
under, dette fordi dei ikkje er daglege tilbod
|