|
|
Jondal
-Folgefonnlandsbyen
I Jondal
er den korte avstanden frå fjord til fonn den raude tråden i naturopplevingane.
Du byrjar dagen på breen og endar i kajakk eller ved bålet i fjøra
om kvelden. Både Folgefonna
Sommarskisenter og Folgefonni
Breførarlag tilbyr aktivitetar på og kring breen. Båten Pilagutt
opnar nye moglegheiter i Hardanger, no er fjorden igjen blitt
ferdselsveg og plass for store opplevingar.
Nede ved fjorden kan du vandra kring i bygdene som er særprega av
sveitsarstilhus med helletak og velstelte frukthagar bundne saman
av smale grusgangar. I sentrum av sjølve Jondal finn ein blant anna
turistinformasjonen, daglegvarebutikkar, flotte badestrender, utleige
av syklar og kajakkar, GPS stiar, samt utleige av båt.
I Herand
Landskapspark er det turstiar, klatrevegg, Hardanger
kulturgalleri, helleristningar, båtbyggjarmuseum, oppgangssag
og Meieriet
pizzarestaurant. Både Jondal og Herand har trivlege gjestehamner
med tilgang på drivstoff for båtfolket og eit variert overnattings
tilbod, alt frå romantiske gardsstover til fjordnære rom.
Turistinformasjonen i Jondal finn du i Juklafjord som ligg sentralt plassert i sentrum og er ope kvar dag frå 15 juni til 15 august. Opningstider er 09:30 til 16:00 i juni, i juli og august til kl. 18:00.
Nyttige telefonnummer i Jondal, komme deg frå Bergen til Jondal? Sjå her
Sommaren nærmar seg, du kan gle deg til Handverksmessa 22-24 juni, og innan det er hovudgata i Jondal sentrum pussa opp. Folgefonn Sommarskisenter er no opna for sesongen, og kan tilby kjempe gode snøfolhold.
Velkommen til Jondal!
|
|